Kva er Ålesund kyrkjelege fellesnemnd?


Dei kyrkjelege fellesråda i Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund er frå 01.01.2020 slått saman. Skodje og Ørskog skillast ut frå Storfjord kyrkjelege fellesråd.

 

Det nye namnet vert Ålesund kyrkjelege fellesråd.

Dette følgjer som ein konsekvens av at dei same kommunane skal slåast saman frå same tidspunkt. Kyrkjelova slår fast at det skal vere eit fellesråd i kvar kommune. Difor må den norske kyrkja si verksemd i desse kommunane slåast saman.

Prosessen som må gjennomførast i dei kyrkjelege fellesråda er i hovudsak den same som kommunane må gjennomføre, og det er tilnærma dei same reglane som gjeld.

Ålesund kyrkjelege fellesnemnd er namnet på utvalet som har ansvaret for gjennomføringa av arbeidet med å slå saman den kyrkjelege verksemda i dei fem kommunane.

Prosjektleiar:

Fellesnemda har tilsett kyrkjeverja i Ålesund, Svein-Rune Johannessen, som prosjektleiar for samanslåinga. Prosjektleiarressursen er i første omgang på 30 prosent av full stilling. 

E-post til prosjektleiar: srj@kirken-aalesund.no  

Tilbake