Våre gravplassar


Bli betre kjent med gravplassane. 

 

Gravplassen er ein viktig stad for pårørande. Det er ein stad for ettertanke. For mange i sorg er det å besøke gravene til sine kjære ein viktig del av tilarbeiding av sorg.  Fleire andre behov er også knytt til gravplassane. Vi opplever ofte at slekt og vener som kjem utanbys frå kjem for å finne graver. Andre har nettopp mista nokon og vil sjå gravplassen før gravferda.

Borgund kyrkjegard

Nord for Borgund kyrkje er det avdekka eit gravfelt med graver som er eldre enn den eldste steinkyrkja. Det har altså vore gravplass her i omlag 1000 år. I dag ligg kyrkja i sentrum av kyrkjegarden. Det er problem med utviding av kyrkjegarden grunna alle fornfunna i området.

Brattvåg gravplass
Det vart kjøpt grunn til gravplassen i 1944, og dei første gravleggingane er frå same året. Året etter vart det kjøpt grunn til kyrkje, men det skulle gå mange år før kyrkja vart bygd. Gravplassen ligg vest og nord for kyrkja. Gravplassen vart utvida i 2007.

Fjørtoft gravplass

Fjørtoft gravplass omkransar Fjørtoft kyrkje. Gravplassen vart offisielt anlagt i 1810, men det hadde vore gravlegging der sidan middelalderen. Fjørtoft høyrte tidlegare til Haram sokn, og dei gongane det ikkje gjekk an å bringe dei døde til gravplassen på Haramsøya grunna vêret, vart dei gravlagt på Fjørtoft. Gravplassen har vorte utvida fleire gonger.

Hamnsund gravplass

Hamnsund gravplass ligg vakkert og lunt til i området kring Hamnsund kyrkje. Gravplassen vart først anlagt i 1875 då kyrkja (kapellet) vart bygd. Sidan den gong har den vorte utvida fleire gonger, først oppe ved kyrkja, så nede i dalen like ved. I 2012 vart ein del av gravplassen nede i dalen omregulert for å kunne nyttast til vidare gravlegging.

Haram gravplass

Haram gravplass ligg på Austnes, ved Haram kyrkje. Gravplassen er frå 1838, same året som kyrkja vart bygd. Den gamle gravplassen på Haramsøya låg ved den gamle stavkyrkja på Haram. Gravplassen på Austnes vart utvida nedover mot sjøen for første gong i 1934, då det trengtes meir areal til gravlegging. 

På 60-talet var gravplassen på ny i ferd med å gå tom for areal til gravlegging. Dermed vart det sett i gong ein omregulering av den opphavlege gravplassen oppe ved kyrkja, slik at denne delen kunne nyttast til ny gravlegging. Alle gravminna på denne delen av gravplassen vart dermed flytta litt til å passe inn i det nye rutemønsteret. I 1966 vart likevel gravplassen utvida nok ein gong ned mot sjøen, då det trengtes endå meir areal til gravlegging.

Harøy gravplass
Gravplassen ligg like ved Harøy kyrkje.

Hatlehol gravlund

​Etter kvart som gravplassane i sentrum vart fylt opp vart det behov for ein ny gravplass i indre bydel. I 1978 tok ein i bruk Hatlehol gravlund som ligg aust for Blindheim stadion. I det same området er det regulert inn tomt for ei framtidig Hatlehol kyrkje. Gravlunden har eige felt for muslimar, og er under utviding mot vest.

Hildre gravplass

Hildre gravplass vart lagt ut i 1907, den gongen Hildrestranda høyrte inn under Haram prestegjeld. Det var langt og tungvint for folket på Hildrestranda å fare heilt til Haramsøya for gravferd, og det var eit sterkt ønske om å få eigen gravplass på fastlandet. Lenge før det kom kapell på Hildre, kom det altså gravplass. Då kapellet vart bygd mange år seinare, vart ho ikkje plassert tett ved gravplassen, men nokre hundre meter lenger nord. Gravplassen ligg derfor ikkje i tilknytning til kyrkja. Gravplassen har vorte utvida to gongar, rundt 1936 og 1980.

Lepsøy gravplass

Lepsøy gravplass vart anlagt i 1927 som "hjelpekyrkjegard" for gravplassen på Haramsøya. Grunnen til gravplassen er skilt ut frå den gamle prestegarden som i si tid var bustaden for Haramspresten. Gravplassen vart utvida i 1968.

Longva gravplass

Longva gravplass er frå 1926 og ligg på Flemsøya/Skuløya. Den vart anlagt som ein såkalla "hjelpekyrkjegard" til kyrkjegarden på Austnes. Gravplassen vart utvida i 2014.

Moa urnelund

​Dette er den nyaste gravplassen i Ålesund kyrkjelege fellesråd, lokalisert rett ved Spjelkavik kyrkje. Moa urnelund er som namnet tilseier utelukkande regulert til oskeurner. Her finn ein også namna minnelund. Dette er eit alternativ for dei som ikkje ynskjer gravstein og stellbed. Moa urnelund vart teken i bruk i 2018.

Myklebust gravplass

Gravplassen ligg på Harøya i Sandøy kommune, og vart etablert i 1926.

Foto: Solfrid Husøy

Nordre Gravlund

Folketalet i Ålesund vaks kraftig frå midten av 1800-talet, og det vart etter kvart bruk for ein større kyrkjegard. Sjølve byen var ikkje stor av utstrekning, her var mykje fjellgrunn og skrinn jord - og valet fall på området «nordenom Axlen», på baksida av byfjellet Aksla.

Den nye kyrkjegarden vart teken i bruk i 1879, og var i bruk fram til siste verdskrigen. I fleire år var denne kyrkjegarden vanstelt, sjølv om ein stor del av byens befolkning var gravlagt her. På slutten av 1980-talet vart denne kyrkjegarden rusta opp. Dei fleste gravene er sletta, men ein har teke vare på mange av dei gamle gravminna og sett dei opp langs kyrkjegardsmuren. Det er ikkje lenger samsvar mellom gravminne og gravstad, men gravminna fortel oss om ein del av dei som er gravlagde på denne kyrkjegarden. Kulturhistorisk er det viktig å ta vare på ulike gravminner - ikkje berre dei kostbare og prangende gravminna, men også gravstøtter sett opp over vanlege folk.

Nørve kirkegård

​Etter at dei to kyrkjegardane i Ålesund sentrum tok til å bli fulle, vart Nørve kirkegård i 1903 teke i bruk som ny kyrkjegard for Ålesund. Den nye kyrkjegarden lå på den tida utanfor bygrensa, men vart inkludert i Ålesund by ved byutvidinga i 1923. Nørve kyrkjegard ligg på sørsida av vegen ved NTNU i Fogdegården.

Ona/Husøy gravplass

Gravplassen ligg på Husøya i Sandøy kommune. Gravplassen vart tat i bruk i 1922, og er omgitt av eit steingjerde. Ved inngangen står eit klokketårn. Sør for gravplassen, på Porkeneshaugen, er det tre gravrøyser frå bronsealderen. 

Foto: Solfrid Husøy

Ringstad gravplass

Ringstad gravplass ligg ved Ringstadneset, på austsida av Samfjorden. Gravplassen vart anlagt som “hjelpekyrkjegard for Brattvåg”. Første gravlegging der var i 1954.

Sandøy gravplass
Gravplassen ligg ved Sandøy kyrkje.

Skodje kyrkjegard
Skodje kyrkjegard ligg ved Skodje kyrkje frå 1860. Kyrkjegarden vart sist utvida i 2013.

Slotsvik kyrkjegard

Den første jordfestinga på den nye kyrkjegarden i Slotsvika på Ellingsøya var i 1981. Denne kyrkjegarden ligg i tilknytning til Ellingsøy kyrkje. 

Vatne gravplass

Vatne gravplass ligg ved Vatne kyrkje. Gravplassen vart tatt i bruk i 1761, då kyrkja på Vatne vart flytta frå Vatnevatnet til Osgotten. Den delen av gravplassen som ligg rett sør for kyrkja vart fylt opp på byrjinga av 1900-talet og har dermed gravlegging på to nivå. 

Vestre kirkegård

På nordsida av Ålesund kirke ligg Vestre kirkegård. Dette var den første kyrkjegarden for Ålesund by, teken i bruk i 1855 - samtidig som den første kyrkja stod ferdig. Det er skrinn jord på Aspøya, og for å fylle opp kyrkjegarden måtte ein fylle på med mold. Det er interessant å merke seg at ålesundarane vart gravlagd i «spansk jord». I spansketida (første tiåra frå 1835 og utover) var det differensial-toll i Spania, slik at det var høgare toll på varer innført til Spania på båtar som ikkje var spanske. Dette førte til at klippfisken vart henta av spanske skuter i Ålesund - i staden for å bli omlasta i Bergen. Dei spanske skutene siglde utan varer nordover, og for å sikre båten mot kollsigling måtte dei ha ballast i botnen av skuta. Som ballast brukte dei spansk jord. Før dei tok om bord varer tok dei ballasten ut av båtane, og mange ålesundske hagar - og altså kyrkjegarden - vart fylt opp med «spansk jord».

Kyrkjegarden er no «rydda» på den måten at eldre gravminne er tekne bort. Ein har valt å behalde dei mest verdfulle gravminna - vurdert ut frå kulturhistorisk og lokalhistorisk verdi. Her står soleis att nokre flotte gravmonument av ulik utforming - både jern og stein - og vi finn graver som høyrer til fabrikkeigar O.A. Devold og Rønneberg-familien. Spesielt interessant er minnesmerket over Peder Knudsen som var organist i Ålesund, og som har laga meldodien til den kjende julesongen «Jeg er så glad hver julekveld» med tekst av Marie Wexelsen (1859). Kyrkjegarden er frå 1994 teke i bruk til nedsetjing av oskeurner.

Ørskog kyrkjegard

Ørskog kyrkjegard ligg ved Ørskog kyrkje, ei langkyrkje i tre frå 1973.

Øvre gravlund og Nedre gravlund

Ålesund kommune kjøpte allereie i 1920 heile den gamle Fogdegården på Nørve - sjølv om området låg utanfor bygrensa fram til 1923. Etter kvart vart det behov for meir areal til kyrkjegard, og i 1926 vart Øvre gravlund lengst i nord teke i bruk. Nedre gravlund - amfiet nedanfor Krematoriet - vart teke i bruk i 1935. Denne kyrkjegarden vart hovudgravplassen i Ålesund fram til han i 1978 vart avlasta av den nye kyrkjegarden aust for Blindheim stadion: Hatlehol gravplass.

På Øvre gravlund finn vi mellom anna eit minnesmerke over dei som fall i siste verdskrigen, og ei rad med graver til slike som gav livet sitt i kamp for fred og fridom.

Søk for å finne gravlagde.
 

Tilbake