Fellesnemnda - medlemmar og arbeid


Les meir om kva Ålesund kyrkjelege fellesnemnd er, og kva arbeidsoppgåver utvalet har.

 

Foto: Marius Simensen (msfoto.no)

Samanslåing til nytt fellesråd
Dei kyrkjelege fellesråda i Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund vert frå 01.01.2020 slått saman. Skodje og Ørskog er skilt ut frå Storfjord kyrkjelege fellesråd. Det nye namnet vert Ålesund kyrkjelege fellesråd.

Dette følgjer som ein konsekvens av at dei same kommunane vert slått saman frå same tidspunkt. Kyrkjelova slår fast at det skal vere eitt fellesråd i kvar kommune. Prosessen som må gjennomførast i dei kyrkjelege fellesråda er i hovudsak den same som kommunane må gjennomføre, og det er tilnærma dei same reglane som gjeld.

Ålesund kyrkjelege fellesnemnd er namnet på utvalet som har ansvaret for gjennomføringa av arbeidet med å slå saman den kyrkjelege verksemda i dei fem kommunane.

Prosjektleiar:

Fellesnemda har tilsett kyrkjeverja i Ålesund, Svein-Rune Johannessen, som prosjektleiar for samanslåinga. Prosjektleiarressursen er i første omgang på 30 prosent av full stilling.

E-post til prosjektleiar: srj@kirken-aalesund.no  

Dagleg leiing:

Svein-Rune Johannessen, kyrkjeverje i Ålesund
Jan Dalhaug, kyrkjeverje i Haram
Petra Riste Synnes , kyrkjeverje i Storfjord
Heidi Viken, kyrkjeverje i Sandøy


Diverse dokument:

Fullmakt og mandat fellesnemda
Stillingsinnstruks prosjektleiar
Reglement Administrasjonsutval
Prosjektplan

Innkalling

Innkalling Ålesund kyrkjelege fellesnemnd 26.11.2019
Innkalling Ålesund kyrkjelege fellesnemnd 18.06.2019
Innkalling Ålesund kyrkjelege fellesnemnd 27.03.2019
Innkalling Ålesund kyrkjelege fellesnemd 14.01.2019
Innkalling Ålesund kyrkjelege fellesnemd 21.11.2018
Innkalling Ålesund kyrkjelege fellesnemd 13.09.2018
Innkalling Ålesund kyrkjelege fellesnemd 18.06.2018
Innkalling  Ålesund kyrkjelege fellesnemd 15.03.2018

Tilbake