Viktige skjema


Fleire viktige skjema må fyllast ut i god tid før vigselen.

 

I høve vigsel må brudeparet fylle ut ein del papir, og det i god tid.

"Erklæring frå bryllaupsfolka for prøving av ekteskapsvilkåra"
"Trulovarerklæring"
Eventuelt "Melding om endring av namn til folkeregisteret"

Last ned skjema her.

Desse må fyllast ut i god tid, tidlegast fire månader før vigselen. Når dette er gjort får de tilsendt ein prøvingsattest frå folkeregisteret. Denne må de sende vidare til servicekontoret så snart den er motteken. Merk at desse papira må vere i orden og sendt servicekontoret før vigselen finn stad.

Meir om vigselen.

Tilbake