Seremoni - stad, tid og prisar


 

Stad
Det vert gjennomført gravferdseremoni i fleire av våre kyrkjer og kapell. Seremonien finn normalt sett stad i det soknet avdøde var busett, men pårørande står fritt til å velgje sjølv. 

Dato og klokkeslett
Tid og stad for gravferd vert planlagt i samarbeid mellom gravferdsbyrå, kyrkjeverjen, prest og stab ved gravplassane. Servicekontoret koordinerar dette.

Vi informerar om stad og tidspunkt for alle gravferder i Ålesund på denne nettsida. Ein kan reservere seg mot at desse opplysningane vert lagt ut.

Prisar
Leige av kyrkje til gravferd når avdøde var busett utanfor kommunen, eller tilhøyrer anna trussamfunn: Kr. 3.500,-
Leige av Ålesund krematorium til gravferd når avdøde var busett utanfor kommunen: Kr. 2.800,-
Preludering og/eller øving med solist: Kr. 500,-
Leige av organist til gravferd når avdøde var busett utanfor kommunen eller tilhøyrer anna trussamfunn: Kr. 1.500,-

Les meir om gravstell, vedtekter og regulativ under "Gravplass".

Tilbake