Vil du vera med og gi kyrkjelyden din eit godt sokneråd? Eller kjenner du nokon som kan bli utfordra til å sitja i vårt sokneråd?
Til hausten er det kyrkjeval. Det betyr at vi skal velja nytt sokneråd i kyrkjelydane våre.
Sokneråda møtest frå 8-10 gonger i året, soknepresten er medlem, i tillegg til 6-8 valde medlemmar.
I Ålesund har vi desse sokneråda:
- Sandøy sokn
- Haram og Fjørtoft sokn (to sokn, felles sokneråd)
- Hamnsund sokn
- Brattvåg sokn
- Vatne sokn
- Ørskog sokn
- Skodje sokn
- Spjelkavik sokn
- Borgund sokn
- Ellingsøy sokn
- Ålesund og Volsdalen sokn
Soknerådet arbeider med diakoni og omsorgsteneste. Rådet lagar også planar innanfor kyrkjemusikk og er med på å legga dei overordna føringane for gudstenester og konfirmasjonsundervisning, for å nemna noko.
Ei nasjonal undersøking blant sitjande soknerådsmedlemmar viser at eit stort fleirtal trivst og opplever det som meiningsfylt å vera med i soknerådet.
Vil du vera med på laget?
Kontakt leiar i nominasjonskomitéen eller soknerådsleiar i ditt sokn.
Hvis du treng info om kven det er kan du ta kontakt med oss på Servicekontoret på tlf 70 16 53 00 eller send en epost til postmottak@kyrkja.alesund.no