Ledig stilling


Vi søker vaktmeister - driftsteknikar

 

 

 

Ålesund kyrkjelege fellesråd søkjer etter vaktmeister - driftsteknikar som skal:

  • Ha ansvar for utarbeiding og oppfølging av vedlikehaldsplanar for kyrkjene og andre bygningar.
  • I samarbeid med avdelingsleiar for bygg- og anlegg utarbeide framlegg til vedlikehaldstiltak og investeringar i kyrkjer og andre bygningar.
  • I samarbeid med kyrkjetenarane føre naudsynt tilsyn med og vedlikehald av tekniske anlegg, inventar og bygningar.
  • Utføre praktiske vedlikehaldstiltak i kyrkjer og andre bygningar.
  • Ha ansvar for utarbeiding og oppfølging av HMS tiltaka i kyrkjene og dei andre bygga som fellesrådet rår over.
  • Ved behov gjere naudsynt arbeid knyt til gravstadane.

 

Vi ønskjer søkjar med følgande kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Erfaring frå liknande arbeid
  • Byggteknisk kompetanse/fagbrev handverksfag
  • Kompetanse om ENØK tiltak
  • Ha kunnskap om og kunne utføre vedlikehaldstiltak
  • Kunne nytte dataverktøy for varmestyring o.a.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

 

Det er viktig at søkjer har kjennskap til kyrkja si organisering og struktur. Vaktmeister - driftsteknikar må være medlem av Den norske kyrkja.

Vi tilbyr:

  • Lønn etter avtale
  • Pensjons- og forsikringsordning i KLP
  • IA-bedrift og bedriftshelseteneste
  • Ein spannande jobb i et kreativt og tverrfagleg miljø

 

 

Spørsmål knytt til stillinga kan rettast til avdelingsleiar Geir Peter Aure, telf: 945 32 462

Søknad sendast elektronisk til postmottak@kyrkja.alesund.no

Søknadsfrist: 31.5.2022

 

Tilbake