Lause gjenstandar bak og ved sidan av gravminner


Vasar, lykter og andre gjenstandar er til hinder for dagleg drift.

 

Foto: Illustrasjonsfoto frå ein gravplass ein annan stad i landet.

Vi er godt i gang med slåtten ved gravplassane våre. I det høve ber vi besøkande om å fjerne gjenstandar som lys, vasar, steinar og liknande bak og ved sidan av gravminner man har ansvar for. Slike ting skal stå i bedet. Er det ikkje plass, må man ta det med heim.

I vedtektene for gravplassane i Ålesund heiter det:

Utstyr og dekorgjenstandar må ikkje vere til hinder for den daglege drifta ved gravplassen. Ålesund kyrkjelege fellesråd kan utan varsel ta bort utstyr og dekorasjonar kor dette er tilfelle.

Tilbake