Reisebrev frå Nepal

08.11.2018

Reisebrev frå Nepal

Bryllaupsreise -27 år etter.

I 1987 kom eg inn i ein familie i Furmyra, ein familie med ein storebror som skulle på ei lang, lang reise. Eg hugsa store kasser ute på tunet, fullpakka av utstyr for ein heil familie, og merka med «Bjørn Ødegaard, UMN Kathmandu, Nepal.»

Brev kom, og brev blei sende, og sakte men sikkert fekk vi bilder og inntrykk av landet Nepal. I 1991 skulle bryllaupsreisa vår gå dit, men ein bilkrasj sette ein effektiv stoppar for dette. Bruda hadde fått nok spenning for ei god stund, og såg seg redd på det kaotiske trafikkbildet, medan brudgommen hugsa ingenting frå krasjen, og reiste optimistisk ilag med forlovaren på tur til Nepal. Dei hadde det storvegs!

Borna våre kom så på rekke og rad, og etterkvart som dei vaks til, blei dei godt informerte om fjellandet Nepal, av sin gode onkel. Om folket, om fjella, om arbeidet, om utfordringane og ikkje minst om jordskjelvet. Det store og øydeleggande skjelvet i 2015.

I jula 2017 kom tanken – er det NO vi skal reise med Bjørn til Nepal? Ungdommane i huset var klare, 4 søskenbarn var klare, tante og onkel var klar, husbonden var klar, og endeleg var også eg klar til å møte landet som vi hadde hørt så mykje om i alle desse åra.

22.mars reiste vi 11 slektningar ifølge, og menga oss med Bjørn sitt reisefølge frå Himalaya Reiseklubb. 22 stk tilsaman. Med koffertar fulle av pc ar, barnekle og tannlegeutstyr. Alle med ulike forventningar og ønsker for turen.

Flyplass og kø fekk nytt innhald etter opphaldet i Nepal, men når vi endeleg kom ut i sola, sto to smilande menneske og venta på oss. Ingunn, datter til Bjørn, og Buddhi - guiden vår, som begge raskt blei ein flott del av reisefølget.

Kathmandu-kaoset tok oss med storm og fasinasjon. For ein by! For eit kaos! Og for ein trafikk! Det var herleg å sitte i bussen og sjå ut på dette som var så utrulig annleis enn alt vi er vande med. Folk og bilar overalt, mopedar i hopetall, søppel i deprimerande mengder, kyr midt i gata, og ikkje minst smilande folk. Folk i sine nydelege fargerike klær, gjerne med ei tung bør på ryggen.

Etter ei natt i Kathmandu, reiste vi vidare på ei rundreise der opplevingane sto i kø. Trekkingtur med overnatting og soloppgang til Annapurna-massivet. Pokhara og pashminaull. Andhi Khola og kraftutbygging i Odd Hoftuns ånd. Tansen sjukehus og vandring i Ingeborg Skjervheims spor. Busskjøring på såkalla dødsvegar. Våre turistvegar blir autostradar i forhold. Teknisk institutt i Butwal. Dal bhat og enda meir dal bhat (nasjonalretten). Chitwan nasjonalpark med ville dyr rundt oss. Elefantsafari der vi sat oppå elefanten. Nasehorn på ekte og tilslutt innanriks flygning med interessant flyplass-system. Vi kom oss i alle fall heilskinna tilbake til Kathmandu.

I Kathmandu venta likbrenning, handlegater, gorka-knivar, Swayambunat-tempelet (ape tempelet), møter med kristne kyrkjer, påskemarsj, skolebesøk, møte med mental helse, besøk på Higher Ground og enda nokre runder i kaotiske gater. Kvile kunne vi gjere når vi kom heim!

Vi møtte mange som gjorde inntrykk, men eg skal fortelle om nokre modige damer. Ca 1 time unna Kathmandu finn vi den lille byen Dhulikel. Dette er ein by som blei hardt ramma av jordskjelvet. Mange mista hus og levegrunnlag. Folka her sit att med stor redsle og mange har det vanskeleg økonomisk. I denne byen finn vi Phulmaya, ei flott dame som strålar av godheit og pågangsmot. Ho er analfabet, men likevel sjef for eit bøffelkooperativ i denne landsbyen. Dette gjer at fleire får inntekt. Det lille som er av overskot, går til å gi skulegang til jenter. Ho er også i gang med å reise ein kvinneklinikk, slik at dei lokale kvinnene skal få helsehjelp når det trengst.

Huset til Phulmaya og familien blei totalt ødelagt i jordskjelvet. Livsgrunnlaget forsvann. Dei hadde eit «homestay» som gav dei inntekt. Phulmaya satsa, og har bygd oppatt eit flott, nytt «Bhattedanda homestay», som vi fekk gleda av å bo på ei natt.

I samme landsby finn vi også «korsstingsdamene». For nokre år sidan såg eg eit brodert julekort med ein nisse som knela for Jesus. Det var ei artig og uvanleg vinkling på det. Etterkvart fekk eg vite at det er kort som er sydd av damer i Dhulikel i Nepal. Himalpartner har i lengre tid vore engasjert i dette området, og ektefellar av utsendingar har engasjert seg i sosialt arbeid her. Korsstingsdamene har vore ein del av dette. Desse kvinnene er kvinner med stort forsørgaransvar og lita eller inga inntekt. Ca 20 kvinner er kvart år med i prosjektet. Dei lærer seg å brodere. Dei får eit innblikk i det å vere ei bedrift, og det økonomiske ved dette. Korsstingsarbeidet kan dei gjere heime, langsmed sine vanleg arbeidsoppgåver. Det er mange kvinner som gjennom dette arbeidet har tjent pengar så dei med stoltheit kan sende barna sine på skulen.

Ei av utfordringane for korsstingsdamene er å finne eit marked for korta, og i dag er det her i Norge dei i all hovudsak blir selde. Vi i Spjelkavik kyrkjelyd er ein del av dette arbeidet, og har sagt at vi er med og støttar desse damene. Så neste gang du ser eit korsstingssydd kort, kan du kjøpe nokre av dei, og vite at du er med og hjelper!

Vel tilbake i Norge sit vi att med gleda over å ha få reist på denne turen. I kjekt turfølge og med dyktig guide. Det var ei oppleving mykje større enn eg hadde sett for meg. Og det som sit best att for meg er det smilande folket og den mektige naturen! Og for ikkje å gløyme barnleg glede over blå ballongar!

 

 

Trude Løvoll Ødegaard