Gravplassene

Gravplassene

Les om de ulike gravplassene her.

KYRKJEGARDAR I ÅLESUND
 
Fra gammelt av var Borgund kyrkjegard gravplass for hele det området som i dag er Ålesund kommune. Den nye byen som vokste fram ved havet fikk sin egen kirke i 1855 – og med egen kirkegård ved den nye kirka. Men behovet for flere gravplasser økte i takt med folketallet.
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
VESTRE KIRKEGÅRD
 
På nordsida av Ålesund kirke ligg Vestre kirkegård. Dette var den første kyrkjegarden for Ålesund by og han vart teken i bruk i 1855 - samtidig som den første kyrkja stod ferdig. Det er skrinn jord på Aspøya, og for å fylle opp kyrkjegarden måtte ein fylle på med mold. Det er interessant å merke seg at ålesundarane vart gravlagd i «spansk jord». I spansketida (første ti-åra frå 1835 og utover) var det differensial-toll i Spania - slik at det var høgare toll på varer innført til Spania på båtar som ikkje var spanske. Dette førte til at klippfisken vart henta av spanske skuter i Ålesund - i staden for å bli omlasta i Bergen. Dei spanske skutene siglde utan varer nordover, og for å sikre båten mot kollsigling måtte dei ha ballast i botnen av skuta. Som ballast brukte dei spansk jord. Før dei tok ombord varer tok dei ballasten ut av båtane, og mange ålesundske hagar - og altså kyrkjegarden - vart fylt opp med «spansk jord».
 
Kyrkjegarden er no «rydda» på den måten at eldre gravminne er tekne bort. Ein har valt å behalde dei mest verdfulle gravminna - vurdert ut frå kulturhistorisk og lokalhistorisk verdi. Her står soleis att nokre flotte gravmonument av ulik utforming - både jern og stein - og vi finn graver som høyrer til fabrikkeigar O.A. Devold og Rønneberg-familien. Spesielt interessant er minnesmerket over Peder Knudsen som var organist i Ålesund, og som har laga meldodien til den kjende julesongen «Jeg er så glad hver julekveld» med tekst av Marie Wexelsen (1859). Kyrkjegarden er frå 1994 teke i bruk til til nedsetjing av oskeurner.
 
 
                                                 
NORDRE GRAVLUND
 
Folketalet i den nye byen vaks kraftig frå midten av 1800-talet, og det vart etter kvart bruk for ein større kyrkjegard. Sjølve byen var ikkje stor av utstrekning, her var mykje fjellgrunn og skrinn jord - og valet fall på området «nordenom Axlen», på baksida av byfjellet Aksla.
 
Den nye kyrkjegarden vart teke i bruk i 1879 og var i bruk fram til siste verdskrigen. I fleire år var denne kyrkjegarden vanstelt, sjølv om ein stor del av byens befolkning var gravlagt her. På slutten av 1980-talet vart denne kyrkjegarden rusta opp. Dei fleste gravene er sletta, men ein har teke vare på mange av dei gamle gravminna og sett dei opp langs kyrkjegardsmuren. det er ikkje lenger samsvar mellom gravminne og gravstad, men gravminna fortel oss om ein del av dei som er gravlagde på denne kyrkjegarden. Kulturhistorisk er det viktig å ta vare på ulike gravminner - ikkje berre dei kostbare og prangende gravminna, men også gravstøtter sett opp over vanlege folk.
 
Etter at kyrkjegarden var rusta opp er han opna som urnelund - for nedsetting av oskeurner.
            
                    
         
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
NORDRE KAPELL 
 
Samstundes som byen fekk ny kyrkjegard (1879) tok ein også i bruk gravkapellet på Nordre gravlund. Kapellet har rektangulær form der ytre mål er 11,5 x 7,8 meter. Innvendig var det eit mindre bårerom og ein forsamlingsal på 45 kvm. Dei nesten ein meter tjukke murane er av hoggen naturstein som saman med smale himmelstrebande dør og vindu gir assosiasjonar i retning av ei gotisk middelalderkyrkje.
 
Nordre kapell vart frå 1879 og fram til 1930-åra nytta som bårerom - og til samling med tale, salmesong og skriftlesing før sjølve jordfestinga. Seinare vart huset nytta som reidskapshus og som lager for vognsamlinga til Aalesunds Museum.  
 
                            
      
 
 
 
                    
 
 
NØRVE KIRKEGÅRD
 
Etter at dei to kyrkjegardane i Ålesund sentrum tok til å bli fulle, vart Nørve kirkegård i 1903 teke i bruk som ny kyrkjegard for Ålesund. Den nye kyrkjegarden lå på den tida utanfor bygrensa, men vart inkludert i Ålesund by ved byutvidinga i 1923. Nørve kyrkjegard ligg på sørsida av vegen ved Høgskulen på Fogdegården, men dette er ikkje Nedre gravlund!
 
Den sørlege delen av kyrkjegarden vil om kort tid bli fornya ved omregulering, drenering og jordpåfylling - slik at han framleis kan nyttast som kistegravstad.                                          
 
                                                       
NØRVE KAPELL
 
Kapellet på Nørve kirkegård stod ferdig til bruk i 1903 og vart nytta som gravkapell til vi fekk Krematoriet på Nedre gravlund i 1956. Sidan har huset vore nytta som reidskapslager for kyrkjegardsdrifta.
 
Kapellet er bygd av tre og minner om ei lita kvitmåla kyrkje med klokketårn. Gravkapellet likner på andre sakrale byggverk i tre frå slutten av 1800-talet. Bygd i ein periode med sterk nasjonal blomstring kan vi til og med ane ein inspirasjon frå stavkyrkjene - særleg ved utforminga av tårnet. Inngongen hadde eit lite våpenhus og sjølve Salen på 7,5 x 9,2 meter hadde trebenkar med plass for omlag 100 menneske. Kapellet hadde elles eit bårerom og sakristi for presten. På vegen opp den smale trappa til klokketårnet passerer vi «orgelgalleriet» - også kalla «orgelhylla» fordi der er så smalt! Frå klokketårnet hadde gravaren godt utsyn i alle retninger og kunne slå ni slag med kyrkjeklokka når presten var ferdig med jordfestinga ute på kyrkjegarden.
 
               
Tilbake til toppen
 
 
 
ØVRE GRAVLUND OG NEDRE GRAVLUND
 
Ålesund kommune kjøpte allereie i 1920 heile den gamle Fogdegården på Nørve - sjølv om området lå utanfor bygrensa fram til 1923. Etter kvart vart det behov for meir areal til kyrkjegard, og i 1926 vart Øvre gravlund lengst i nord teke i bruk. Nedre gravlund - amfiet nedanfor Krematoriet - vart teke i bruk i 1935.
 
Denne kyrkjegarden vart hovudgravplassen i Ålesund fram til han i 1978 vart avlasta av den nye kyrkjegarden aust for Blindheim stadion: Hatlehol gravplass.
 
På Øvre gravlund har vi m.a. eit minnesmerke over dei som fall i siste verdskrigen og ei rad med graver til slike som gav livet sitt i kamp for fred og fridom.
 
 
 
 
 
ÅLESUND KREMATORIUM
 
Ålesund krematorium vart bygd på nordre del av Nedre gravlund og teke i bruk hausten 1956. Krematoriet tok då over funksjonen som gravkapell etter kapellet på Nørve kirkegård. I tillegg til å vere gravkapell har dette bygget også omn for likbrenning - kremasjon.
 
Arkitekt er Øyvind B. Grimnes. Den kunstneriske utsmykkinga er utført av målaren Henrik Sørensen og billedhoggaren Ragnhild Butenschøn.
 
På den eine veggen har vi den store «Livsfrisen» av Henrik Sørensen utført i 1956-57. Frisen illustrerer sorgen og dødens haust mellom menneska, frigjeringa og den endelege gjenforeininga. Ragnhild Butenschøns utskjeringer i tre flankerer frisen: På den eine sida treet som blir splintra av eit lyn (naturen må også døy!) og på den andre sida Livsens tre.
 
På den andre veggen har vi Henrik Sørensen sine glasmåleri frå 1960. Dei er laga ut frå motivet «Jesus Kristus verdens frelsar».
 
 
 
BORGUND KYRKJEGARD
 
Nord for kyrkja er det avdekka eit gravfelt med graver som er eldre enn den eldste steinkyrkja. Det har altså vore gravplass her i omlag 1000 år. I dag ligg kyrkja i sentrum av kyrkjegarden. Det er problem med utviding av kyrkjegarden p.g.a. alle fornfunna i området.
 
Utanfor kyrkja vart det i 1926 reist ei minnestøtte over Hans Strøm (1726-1797) som var kapellan i Borgund i 1750-64. Ved sidan av prestegjerninga si var Hans Strøm ein forskar, og han skreiv m.a. boka «Physisk og Oeconomisk beskrivelse over Fogderiet Søndmør» i 1762, andre band i 1766. Bautanen har eit portrettrelieff av Strøm, laga av bilethoggaren Sofus Madsen.
 
 
 
HATLEHOL GRAVLUND
 
Etter kvart som gravplassane i sentrum vart fylt opp vart det behov for ein ny kyrkjegard i indre bydel. I 1978 tok ein i bruk Hatlehol gravlund som ligg aust for Blindheim stadion. I det same området er det regulert inn tomt for ei framtidig Hatlehol kyrkje.
 
 
 SLOTSVIK KYRKJEGARD
 
Den første jordfestinga på den nye kyrkjegarden i Slotsvika på Ellingsøya var i 1981. 
Denne kyrkjegarden ligg i tilknytning til Ellingsøy kyrkje – der kyrkjelyden tok underetasjen i bruk som kyrkje i 1989, fram til kyrkja stod ferdig i 1998.


Del denne artikkel på e-post