Ålesund kyrkjelege fellesnemd

Foto:Marius Simensen


Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund  kyrkjelege  fellesråd skal slåas saman frå 01.01.2020 (Skodje og Ørskog skillast ut frå Storfjord kyrkjelege fellesråd) Dette følgjer som ein konsekvens av at dei same kommunane skal slåast saman frå same tidspunkt. Kyrkjelova slår fast at det skal vere eit fellesråd i kvar kommune. Difor må den norske kyrkja si verksemd i desse kommunane slåast saman.
Prosessen som må gjennomførast i de kyrkjelege fellesråda er i hovudsak den same som kommunane må gjennomføre, og det er tilnærma dei same regler som gjeld.
Det er oppretta ei kyrkjeleg  fellesnemd som skal ha ansvaret for gjennomføringa av arbeidet med å slå saman den kyrkjelege verksemda i dei fem kommunane.
 
Fellesnemndas samansetning:

Robert Iversen , Ålesund kirkelige fellesråd ,  Leiar

Ragnar Bakken, Storfjord kykjelege fellesåd                                  

Gunnar Hauge, Storfjord kyrkjelege fellesråd                     

Anne - Marit Molnes Hagelund, Ålesund kirkelige fellesråd                        

Edvard Orvik, Haram kyrkjelege fellesråd

Norunn Wuttudal, Haram kyrkjelege fellesråd

Janne Falch, Sandøy kyrkjelege fellesråd

Oddhild Sandøy, Sandøy kyrkjelege fellesråd                      

Svein Runde, Oppnevnt av biskopen i Møre

Randi Frisvoll Walderhaug,  oppnemd av nye Ålesund kommunale fellesnemd, nestleiar

 

Prosjektleiar:
Fellesnemda har tilsett kyrkjeverja i Ålesund, Svein-Rune Johannessen, som prosjektleiar for samanslåinga. Prosjektleiarressursen  er i første omgang på 30% av full stilling. E-post til prosjektleder: srj@kirken-aalesund.no  

 

Dagleg leiing:

Svein-Rune Johannessen, kyrkjeverje i Ålesund

Jan Dalhaug, kyrkjeverje i Haram

Petra Riste Synnes , kyrkjeverje i Storfjord

Heidi Viken, kyrkjeverje i Sandøy

 

Fullmakt og mandat fellesnemda

Stillingsinnstruks prosjektleiar

Reglement Administrasjonsutval

Prosjektplan